English version of this page

Kongeleg porselen frå Siam – Benjarong

Benjarong er navnet på eit porselen som blei laga i Kina på 17- og 1800-talet, og var tinga av det siamesiske kongehuset. Navnet Benjarong stammar frå pancha ranga, som betyr fem fargar på sanskrit. Porselenet kjenneteiknast av ei mengde fargar som dekkjer heile overflata, med snirklete planteornamentikk kombinert med figurar henta frå Theravada-buddhismen, Thailands offisielle religion.

En fargerik porselensgjenstand

Fra kongeleg bruk til nasjonal skatt

Benjarong blei laga i til bruk i det siamesiske kongehuset, men etter kvart som Siams økonomi voks, blei det også bestilt av rike handelsmenn, høgareståande byråkratar, og medlemmar av landets overklasse.

Porselenet var meint til å brukast, og omfattar servisedelar som bollar med og utan lok til å ete frå, krukker med lok til å halde maten varm, og stettfat for frukt og dessertar. Det var også spyttebakker til beteltygging, og små, vakkert dekorerte krukker til sminke og medisinar, som pryda borda til kongefamiliens kvinner.

På slutten av 1800-talet vart det funne porselensleire i Thailand, og landet utvikla sin eigen porselenstradisjon. No vert benjarong laga og utvikla i etablerte handverkssentre i Thailand, og porselenet er ein av landets nasjonale skattar.

Kaptein Rings samling

Det over 100 år gamle arkivkortet som skildrar krukka med manglande knopp på loket. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Kirsten Jensen Helgeland

Denne samlinga blei gjeve til museet i 1904 av kaptein Theodor Ring. Den består av heile 193 delar, i alle fargar og mønster og former som er laga av dette spesielle porselenet. Ytterlegare 40 delar finst i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Det er mange titals bollar med og utan lok, i fleire storleikar, den minste berre fire centimeter høg. Krukkene fins også i mange storleikar, nokre av dei er praktstykke, med flotte fargar og god penselføring. Stettefat er det mange av, nokre små og enkelt dekorerte, medan det største fatet, som er nesten 30 cm i diameter, har ein detaljert og intrikat dekor. Gruppa av små krukker med gulltoppar er veldig sjarmerande, desse stod i dei private romma til dronningane og prinsessene, fylte med sminke, salver, medisin og småting.

Nokre av gjenstandane er skada, er limt eller har ein reparasjon utført ved hjelp av metallklammer, men dei aller fleste er heile og i ein god kvalitet. Denne samlinga er unik både i omfang og kvalitet, det finst ingen kjende samlingar av dette fargerike og vakre porselenet utanfor Thailand i dag.

Les meir

Av Anne Håbu
Publisert 14. jan. 2015 11:12 - Sist endra 10. des. 2025 20:20