Museumsbygningane og samlingane
Kulturhistorisk museum består av Vikingskiphuset på Bygdøy og Historisk museum på Tullinløkka. Museet rommar den største arkeologiske samlinga i Noreg frå førhistorisk tid og mellomalderen, blant anna vikingskipa på Bygdøy, ei stor samling kyrkjekunst frå mellomalderen, ei antikksamling frå Middelhavslanda og eit runearkiv. Museet har i tillegg ei stor etnografisk samling med gjenstandar frå alle verdsdelar, og Noregs desidert største mynthistoriske samling. Samlingane i Kulturhistorisk museum er bygd opp over snart 200 år.
Forvaltinga
Gjennom kulturminnelova er KHM gjeven forvaltingsmyndigheit over gjenstandar frå før-reformatorisk tid (1537) og alle myntfunn eldre enn 1650 i dei fem fylka på Sør- og Austlandet: Agder, Innlandet, Oslo, Viken, Vestfold og Telemark. I samarbeid med Riksantikvaren, fylkeskommunar/ kommunar og private tiltakshavarar utfører museet arkeologiske utgravingar i dei same fem fylka.
Museet og universitetet
KHM er både eit museum og ei universitetseining med status på linje med UiOs fakultet. Dette inneber at forsking har ei større vekt enn ved dei fleste andre kulturhistoriske museum. Det er i dag ca. 120 fast tilsette ved museet. I tillegg kjem ei stor mengde, men varierande tal, årsverk av midlertidig tilsett personale.