English version of this page

Museumsleiinga

Kulturhistorisk museums faglege og administrative leiing er samla hjå direktøren. Assisterande museumsdirektør, og leiar av museumsadministrasjonen, er fagleg avløysar for direktøren.

Direktør og assisterande museumsdirektør møter i høvesvis dekanmøte og direktørnettverksmøte på UiO annankvar veke. I tillegg til laupande kontakt skjer overordna styring gjennom årlege styringsdialogmøte med universitetsleiinga.

Møtestruktur

Leiargruppa har leiarmøte kvar veke med leiarassistenten som referent.

Direktør, assisterande direktør, stabsleiar og leiarassistent møtast annankvar måndag for koordinering, planlegging og arbeidsfordeling, blant anna førebuing av komande leiarmøte. Leiarane for dei fire fagseksjonane har eigne leiarmøte kvar veke.

Diskusjonssaker i leiargruppa blir utarbeidd i samhøve med årsplanmatrisa.

Leiargruppa

Museumsdirektør Håkon Piene Glørstad

  • Assisterande museumsdirektør Karl Kallhovd, leiar av museumsadministrasjonen, fagleg avløysar for direktøren
  • Seksjonssjef Olav Hamran, seksjon for etnografi, numismatikk, klassisk arkeologi og universitetshistorie
  • Seksjonssjef Anne Lene Melheim, arkeologisk seksjon
  • Seksjonssjef Ingrid Louise Flatval, seksjon for samlingsforvaltning
  • Seksjonssjef Biljana Topalova-Casadiego, utstillings- og publikumsseksjonen
  • Økonomileiar Thomas Philip Munthe, seksjon for administrative støttetenester
  • HR-sjef Stina Mosling, seksjon for administrative støttetenester

Les meir

Publisert 30. okt. 2012 09:31 - Sist endra 1. apr. 2020 12:00