Analyse av samfunnsverdien til Kulturhistorisk museum og nytt vikingtidsmuseum 2018

Oslo Economics har utarbeidd ein analyse av Kulturhistorisk museums samfunnsverdi og nytteverdien av eit nytt Vikingtidsmuseum på Bygdøy.

kopi av forsiden til analysenSamandrag

Kulturhistorisk museum (KHM) ved Universitet i Oslo er Noregs leiande forskingsmuseum innan kulturhistorie, med kunnskapsutvikling og -formidling på høgt internasjonalt nivå. Kulturhistorisk museum forvaltar verdsarv og produserar forsking av høg kvalitet.

Gjennom dagens formidling når universitetsmuseet ut eit stadig større publikum i både Noreg og utlandet, men omfanget av formidlinga blir avgrensa av areala vi rår over. Eit framtidig vikingtidsmuseum på Bygdøy er viktig for å sikre at Kulturhistorisk museum held oppe sin leiande posisjon som forskingsinstitusjon om vikingtida, og utnyttar formidlingspotensialet sitt betre, samt evnar å forvalte og verne om den unike vikingtidssamlinga.

Denne analysen søkjer å samanfatte samfunnsverdien av Kulturhistorisk museum si verksemd og synliggjera nytteverdien av eit nytt vikingtidsmuseum.

Dokument

Publisert 23. aug. 2018 15:57 - Sist endra 1. apr. 2020 12:00