Personvernerklæring for Kulturhistorisk museums nyheitsbrev

Kulturhistorisk museum er opptatt av personvern og av å følgje gjeldande personvernreglar for nyheitsbrev. Vi har oppdatert rutinane våre slik at dei følgjer dei nye personvernreglane.

Fyrst litt om oss

Dette nyheitsbrevet blir sendt ut av Kulturhistorisk museum ved Utstillings- og publikumsseksjonen. Du kan kontakte oss på nettredaktor@khm.uio.no.

Samtykke og avmelding

Du får nyheitsbrev frå oss fordi du har samtykka i å ta imot dette. Du kan når som helst trekkje tilbake samtykket ditt, då slettar vi e-postadressa di.

Dersom du ikkje vil fortsetje å ta i mot nyheitsbrevet vårt oppfordrar vi deg til å melde deg av.

Personvernsider og personvernombod på UiO

Vi har eit personvernombod på UIO som du kan kome i kontakt med ved å sende e-post til personvernombudet@uio.no.

Vi har også eigne nettsider om personvern på Universitetet i Oslo.

Personopplysingar som behandlast

Personopplysingar som blir behandla er e-postadresse, namn og interesse. Opplysingane dine blir, i tillegg til av oss, behandla av Mailchimp. Dei leverer den tekniske løysninga for nyheitsbrevet vårt.

Dine personopplysingar blir lagra heilt til du trekkjer samtykket ditt.

Meir om Mailchimp

UiO samarbeider med leverandøren Mailchimp (The Rocket Science Group) om utsending av nyheitsbrev, og det er dette selskapet som lagrar e-postadressa di. Mailchimp er eit amerikansk selskap, og er ein av dei største leverandørane av nyheitsbrev i verda. Dine personopplysingar blir derfor overført til USA.

Mailchimp har eit godt renommé og det er ikkje rapportert om alvorlege sikkerheitsbrot ved bruk av Mailchimp.

Mailchimp har også underteikna ei databehandlaravtale med Universitetet i Oslo når det gjeld behandling av persondata. Mailchimp behandlar berre e-post-adresser til dei som abonnerar på vårt nyheitsbrev, og føremålet med behandlinga er å kunne sende deg nyheitsbrevet. 

Klage til Datatilsynet

Du har også høve til å fremje ei klage til Datatilsynet om du meiner at personvernet ditt er krenkt.

Gjenbruk av informasjon

Vi skal ikkje bruke e-postadressa di til andre e-postlister. Om dette skulle bli aktuelt kjem vi til å ta kontakt for å be om nytt samtykke til å føre opp e-postadressa di på ei anna liste.

Publisert 20. juli 2018 13:20 - Sist endra 23. juli 2024 10:47