English version of this page

Oldsaksamlinga

Antiqvitetskommissionen blei oppretta av Selskabet for Norges vel i 1811 for blant anna å samle inn oldsaker funne i Noreg. Dette blei byrjinga til Universitetets Oldsaksamling, som voks til ei omfattande samling av oldsaker og mellomaldergjenstandar på 1800-talet, spesielt kyrkjekunst.

Bildet kan inneholde: gjenstand.

Øks frå Eidareng i Indre Østfold i Viken. Museumsnummer C60263.

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO, Lill-Ann Chepstow-Lusty

I byrjinga var heile Noreg arbeidsområde. Men då den fyrste fornminnelova kom i 1905, fekk Oldsaksamlinga ansvar for å ta vare på oldsaker og mellomaldergjenstandar frå dei fem og sør- og austlandsfylka på vegne av Staten, det vil seie Agder, Innlandet, Oslo, Vestfold og Telemark og Viken. Samlingane er gradvis bygd opp, dels ved at finnarar har levert inn gjenstandar, og dels gjennom arkeologiske undersøkingar.

Utfører arkeologiske undersøkingar

Undersøkingar blir gjennomført både som ein del av museets forskingsverksemd og med heimel i kulturminnelovens pålegg om arkeologisk undersøking før ulike typar utbyggingsverksemd.

Ei stor samling

I dag er det meir enn ein million gjenstandar i samlinga.

Staten er eigar av lause kulturminne

Kulturminnelova av 9. juni 1978 gjev Staten eigedomsretten til såkalla lause kulturminne som kjem for dagen tilfeldig, ved arkeologiske undersøkingar eller på andre måtar. Kulturminne frå oldtid og mellomalder (eldre enn 1537) kan vera våpen, reiskaper, smykke, skjelett, runeinnskrifter, kyrkjeinventar og anna. Den som finn lause kulturminne pliktar å melde frå om funnet til Fylkeskommunen, politiet på staden eller direkte til museet. Det er forbode å omsetje oldsaker i Noreg.

Vil du sjå fleire arkeologiske gjenstandar?

Publisert 1. nov. 2012 21:25 - Sist endra 3. sep. 2020 08:28