Preventiv konservering

Preventiv konservering er å skape gode oppbevaringsforhold for gjenstandane uansett kvar dei oppheld seg. Det kan vera i magasin, i utstillingane eller på reise. Preventiv konservering handlar om å hindre at skader skjer og forsinke nedbrytingsprosessen.

Bildet kan inneholde: vikingskip, longship.

Klima (luftfuktigheit og temperatur)

Konservatorane passar på at klima er det beste mogelege for gjenstandane. Dei måler luftfuktigheit, temperatur, ljos og luftforureining i utstillingsmontrar, i transportkassa, i magasin og på laboratoriet.

Det er viktig å oppbevare gjenstandane i eit tilpassa klima. Det vil seie rett temperatur og luftfuktigheit. Ulike materialgrupper har ulike behov. For eksempel gjenstandar av jern må oppbevarast tørt for å unngå at dei rustar. Gjenstandar av organisk materiale, som for eksempel tre, må oppbevarast i eit stabilt og fuktigare klima for at treet ikkje skal sprekkje. Det må heller ikkje bli for fuktig, for då kan det mugne.

Luftforureining

Forureina luft akselererer kjemiske nedbryting. Den kan kome utanfrå i form av gass eller partiklar frå for eksempel biltrafikk og fabrikkar. Forureining kan også kome innanfrå museet. Vi brukar nøytrale materialar til å pakke gjenstandane for oppbevaring og ved transport.

Ved innreiing av magasin og montrar må byggjemateriale, måling, tettingsmasse, tekstilar og så vidare veljast med omhug for å unngå å påverke gjenstandane. Dersom ein gjenstand av bly blir stilt ut i ein monter laga av eik vil gjenstanden sakte men sikkert korrodere bort på grunn av dei organiske syrene i eika.

Ljos

Ljos kan skade museumsgjenstandar. Spesielt dei usynlege, ultrafiolette (UV) og dei infraraude strålane (IR) kan starte ei rekkje kjemiske reaksjonar. Avhengig av gjenstandens materiale, kan eit høgt ljosnivå føre til bleiking, krakelering og tap av styrke. Derfor må direkte solljos frå vindauge filtrerast bort ved spesialfilter eller gardiner, og bruk av kunstig ljos må regulerast.

Skadedyr og insekt

Ei annan viktig preventiv oppgåve er å hindre angrep av skadedyr og mugg. Borebiller, pelsbiller, støvlus, kledemøll er eksemplar på skadeinsekt som gjer stor skade på kulturarven, ikkje minst når dei et seg inn i museumssamlingar. Gjennom gode kontrollrutinar, og ved frysing og varmebehandling avgrensar vi omfanget av desse uønskte leigetakarane.

 

Av Guro Hjulstad, Maria Malherbes Jensen
Publisert 9. nov. 2012 09:54 - Sist endret 6. apr. 2020 09:39