Konservering av vikingskipssamlinga

Dei store skipsfunna frå Oseberg, Gokstad og Tune er sjølve eventyret i norsk arkeologi. Gravhaugane som bestod av blåleire og tettpakka grastorv heldt treverket fuktig, hindra luft i å kome til og bevarte derfor gjenstandane i over tusen år. Men då gravene blei opna, starta ei nedbryting som vi ennå arbeider med å kontrollere og forhindre.

Bildet kan inneholde: dekk.

Vikingskipa var bygd i eik som er eit hardt og sterkt treslag. Treet ble sett inn med linolje og kreosol og tørka. Så blei dei sett saman, og slik står dei i dag.

Mange av tregjenstandane som blei funne, spesielt i Oseberghaugen, trong langt meir konservering. I tillegg blei mange av gjenstandane funne i mange bitar og måtte limast saman. Det vil seie at konservatorane måtte hindre at treet tørka, krympa og vrei på seg. Brotflatene måtte vera dei same etter konservering for at gjenstandane skulle kunne setjast saman att.

Konservert med alunsalt

Løysinga i 1905 for store delar av Osebergfunnet blei alunkonservering. Det var alun som let gjenstandane behalde både form og volum. Konserveringa skjedde ved at delar i blaute treslag blei lagt i sterk alunoppløysing ved 80-90 °C frå 2 til opptil 36 timar for så å bli spyla og tørka langsamt. Dei største gjenstandane tørka i 3 månader.

Trestykka som var blitt tilsett alunsalt, stivna i den forma dei var i då dei blei funne. Men dei mista karakteren av tre. Dei blei sprø og skjøre som glas. Men dei kunne likevel limast saman, setjast inn med linolje og lakkerast og ikkje minst stillast ut.

Problemet i dag

Ein alunkonservert gjenstand frå Oseberg i ferd med å gå i oppløysing. Foto © KHM, UiO

I dag veit vi at alunsaltet berre trakk seg eit lite stykke inn i gjenstandane og skapte ei sprø hinne. Inne i gjenstandane fortsette nedbrytinga, kanskje til og med blei den akselerert av alunet.

Tilstanden til den rike, men alunkonserverte treskurden frå Oseberg er alarmerande dårleg. Stortinget tildelte derfor 30 millionar til eit forskingsprosjekt på rekonservering av desse gjenstandane hausten 2012. Målet er å forske fram måtar å nøytralisere den aggressive nedbrytinga og styrke det trevirket som er att.

Vil du vite meir? Les om forskingsprosjektet Saving Oseberg her.

Av Mette Irene Dahl
Publisert 15. nov. 2012 11:12 - Sist endret 11. jan. 2021 08:43