English version of this page

Housing Heritage: Utforsking, problematisering og samanlikning av kulturarvproduksjon

Korleis får objekt, stader, og praksisar ein plass i det globale museet? Dette prosjektet tek utgangspunkt i kva vi som eit museum allereie veit og kva vi gjer. Heile den akademiske staben på KHM produserer kulturarv, som arkeologar, i kulturminneutgravingar, i si rådgjevande rolle overfor Riksantikvaren, som konservatorar, samlingsansvarlege, kuratorar, utstillingsdesignerar, magasinforvaltarar og som antropologar.

For å reflektere over kva vi faktisk gjer, og med kva konsekvensar, så innbyr Housing Heritage (HH) til ei komparativ utforsking av korleis kulturarv blir gjort, og fellestrekk i produksjonen av kulturminne, verdsarv, museumsgjenstandar, etnografiske samlingar og arkeologiske gjenstandar.

Perlebrodert veske

NFSA 1699. Perlebrodert veske frå Meråker i Nord-Trøndelag. Denne gjenstanden blei ikonisk på forsida av avtalen mellom Norsk Folkemuseum, Kulturhistorisk museum og Sametinget om å returnere samiske samlingar til seks regionale samiske museumsinstitusjonar (2012).

Abstrakt, så handlar produksjon av kulturarv om måten ein engasjerer gjenstandar, stader og praksisar på. Å endre status på ein gjenstand er i seg sjølv å setje den i rørsle. HH ser på korleis kulturarv blir skapt. Alle museets disiplinar, så vel som nasjonale og internasjonale juristar og byråkratar, globale institusjonar som UNESCO, ICOM og ICOMOS og lobbyistane som tek omsyn til dei. I desse verdene er kulturarv naturalisert. Sett i samanheng kan likevel våre ulike faglege perspektiv overskride det som er tatt for gitt og gje ny forståing. I HH ser vi for oss å artikulere ny forståing av korleis kulturarv blir skapt.

Forståingar i friksjon

Våre møte inneber kontinuerlege tolkingar mellom ulike faglege verder, forståingar i friksjon med kvarandre. Denne friksjonen er viktig fordi den gjev forståing av den faktiske produksjonen av kulturarv. Kva blir skapt, korleis, og kva rolle spelar faglege tradisjonar? Kva identitetar blir sett i spel, og kva rolle spelar gjenstandar, stader, praksisar i denne prosessen?

Vi ynskjer med andre ord ikkje å bare fokusere på kulturarv som eit sluttprodukt. Vi vil følgje kulturarvgjenstandar/ steder/ praksisar – deira biografiar, deira sirkulasjon. Sluttproduktet av slike prosessar er ikkje alltid sjølvsagt. Til og med vellykka kulturarvhistorier inneber motstand, mogelege andre endepunkt, som vil ha konsekvensar for kva slags kulturarv som faktisk blir skapt. Vi vil samanlikne kva som skjer når kulturarv blir gjort, kva biografiar som kunne ha blitt fortalt, og kva som trer fram ved reisas slutt. Og kva skjer når kulturarvnarrativ blir oversett frå ein lokal til ein global skala?

Ved å følgje kulturarvbiografiar så opnar vi for å inkludere det som ofte blir ekskludert; det uintenderte, tilfeldige, personlege interesser, identitetsprosjekt, relasjonelle effektar av parallelle rørsler, uventa konsekvensar av lovverk, byråkrati, teknologi, økonomi og politikk.

Rekonfigurert verdi

Samanlikning kan også involvere å sjå på endringar i formål av og i kulturarvprosessar i tid og rom. Kva er dei forventa måla med å skape kulturarv og museumsobjekt innanfor bestemte kulturarvregime?

Historiske perspektiv opnar for studiar av korleis gjenstandar/ stader/ praksisar også kan bli tatt ut av sirkulasjon. Kva skjer når kulturarv ikkje lenger tener eit formål, når verdi blir rekonfigurert eller når kolonielle møte blir rekonfigurert? Omgjering av kulturarv kan skje under ei rekkje ulike omstende, frå ignoranse, industrialisering, økonomiske nedgangstider, kapitalistisk utbytting, krig, religiøse ulikskapar, som eit resultat av trafficking, eller også tidlegare forsøk på konservering og vern. Trussel mot og vern av kulturarv er i kontinuerleg forhandling, og handlingar motivert av desse har ofte uintenderte konsekvensar.

I dag, når kulturavproduksjon også har blitt del av postkolonielle prosjekt, så blir det opna for nye narrativ, nye samtaler, krav om informasjon og samtykke, deltakande forvalting, sjølvråderett, repatriering, og bruk av kopiar skapt i gjensidige kunnskapsproduksjonar.

Den globale kulturarvproduksjonen har også nye utfordringar. Nye og overskridande former for gjenstandar/ stader/ praksisar blir applaudert, samtidig som kostnadene ved å ta vare på samlingar eskalerer. Kva kan gjerast til kulturarv og med kva kostnader? Korleis burde kulturarv og museumsgjenstandar bli bevart, for kva føremål og for kva framtider? 

Kjernetema for denne satsinga er:

  • Aktørar, praksisar, prosessar involvert i kulturarvproduksjon.
  • Gjenstandsbiografiar, medieringar og rørsler.
  • Kulturarv og museumsgjenstandars formål.
  • Tilfelle der kulturarv og museumsgjenstandar har blir tatt ut av produksjon.
  • Kulturarvfortid og notid, kolonielle og postkolonielle praksisar.
  • Kulturarvframtider, den konstante innovasjonen innanfor Heritage-industrien, nytt liv for kulturarv og historisitetsforhandlingar.

Denne forskingsgruppa vil utfordre museumstilsette til å reflektere over dei prosessane som dei sjølve er involvert i, i kraft av sitt arbeid, ved å bidra til samanlikningar, kryssfertilisering, og nye refleksjonar som kan gje mogelegheit for ny teoretisk utvikling.

Eit slikt introspektivt fokus, kan, assistert av samtaler, leseseminar og meir internasjonalt orienterte seminar, også bidra til å gjera museet annleis enn andre norske kulturarvprodusentar.

Vi har ein fordel som universitetsmuseum, fordi vi kan kombinere praktisk erfaring, samanlikning av ei breidde av kulturarvproduksjon med kritisk teoriutvikling i forhold til vår praktiske kulturarvproduksjon.

Les meir på våre engelske nettsider.

Publisert 23. jan. 2015 13:30 - Sist endra 9. jan. 2023 09:44

Kontakt

Gro Ween

Fyrsteamanuensis i sosialantropologi, Seksjon for etnografi, numismatikk, klassisk arkeologi og universitetshistorie (SENKU).

Deltakarar

Detaljert oversikt over deltakarar