English version of this page

Eidsborg rock – produksjon og handel med brynestein i vikingtida

Helvete er å skjera med ein sløv kniv – å slå gras med ein uslipa ljå eller å kjempe med eit sverd utan bit. Brynesteinen har såleis vore eit avgjerande verkty og alt frå tidleg vikingtid finst brynestein frå Eidsborg i byar og sentra over store delar av Nord-Europa. Paradoksalt nok veit ein mindre om overskotsproduksjonen av utmarksressursar, som brynestein eller jern, på regionalt nivå.

En mann står oppå en stor haug med steinbiter. Skog i bakgrunnen.

Brynesteinsbrot i Eidsborg. Foto: Scanout/Yngve Ask.

Forskingsprosjektet Eidsborg rock vil flytte fokus mot regional produksjon og innanlandshandel i yngre jernalder (550–1050 e.Kr.). Slik vil prosjektet ha ei nedanfrå og opp tilnærming og fremje vår forståing av byrjinga av brynesteinsproduksjon frå eit regionalt perspektiv. Dette vil gje ny kunnskap og nye perspektiv på den betydelege produksjonen og handelen i vikingtida, som til no har vore forankra i forskingsprosjekt utanfor Vest-Telemark.

Tidligare forsking har vist ein omfattande overskotsproduksjon i innlandsområda basert på utmarksressursar som bryne og jern og handel og utveksling ved urbane senter og marknadsplassar langs kysten i vikingtida. Desse to forskingsområda er ikkje fullt ut integrert, og store spørsmål er ståande uløyst: kva forårsaka den regionale overskotsproduksjonen og korleis vart innlandsressursane integrert i den overordna økonomien? For å utforske desse forskingsspørsmåla er det naudsynt å forstå infrastrukturen for produksjon og handel i fjell- og dalbygdene, og ikkje minst kva som motiverte dei involverte aktørane.

Samarbeidsprosjekt

Dette samarbeidsprosjektet mellom Kulturhistorisk museum og Vest-Telemark Museum, som ligg i attmed brynesteinsbrota i Eidsborg, vil legge til rette for nedanfrå og opp tilnærminga og foreine lokal og regional kunnskap og forståing med internasjonale forskingsperspektiv.

Me vil utforske knutepunkta mellom breie nettverk og nære interaksjonar og bygge bru mellom den regionale konteksten og den generelle sosiale og økonomiske utviklinga i vikingtida. 

Finansiering

Forskningsprosjektet "Eidsborg rock – produksjon og handel med brynestein i vikingtida" (2023–2027) er finansiert av Noregs forskningsråd, prosjektnummer 341213.

Publisert 28. apr. 2023 10:45 - Sist endra 11. jan. 2024 10:52