English version of this page

Archaeology by proxy

Internasjonal arkeologi står i dag ved eit historisk vegskilje som er danna av dreiinga mot Open vitskap (Open Science) og mogelegheita til å utvikle og utnytte aggregerte datasett (Big data) i forskinga.

Om gruppa

Open vitskap banar veg for transparente og etterprovbare analysar, og ei demokratisering av kunnskap og data, medan tilnærmingar basert på aggregerte datasett gjev oss høve til å utforske arkeologiske problemstillingar med perspektiv som til no ikkje har vore mogeleg gjennom små og avgrensa datasett, eller kasusstudiar.

Hovudmålet med forskargruppa Archaeology by proxy er å skape eit produktivt miljø for bruk av arkeologiske og paleøkologiske proxydata (stadfortredande data) ved KHM, og vidare integrere og modellere slike data i studiar av populasjonsdynamikk, busetnadshistorie og økologisk endring. Ved å integrere ulike datasett tek forskargruppa sikte på å studere endringsmønster gjennom Holocene, og bidreg til auka forståing av korleis tilhøvet mellom menneske og økologi har påverka kulturell endring.

Gruppa skal arbeide med utgangspunkt i følgjande to grunnaspekt:

  1. Big-data tilnærming: Vi vil utnytte aggregerte data som ligg i KHM sine databasar og andre opne databasar slik som Askeladden. Eksempel er 14C-dateringar, graver frå jernalder, gjenstandsmateriale, og romleg og tidsmessig distribusjon av registrerte og utgravne lokalitetar. Vi vil også utforske potensialet som er i å systematisere og analysere andre data frå KHM sine samlingar og arkiv for å studere økologisk grunnlag for busetnadsutvikling og populasjonsdynamikk; eksempelvis pollenanalysar, vedartstypar/ trekol, artsbestemt dyrebeinsmateriale og daterte makrofossilar slik som korn med meir. Presis tidfesting og kartfesting av data er viktig, og gjennom KHM si 14C-database, som er under utvikling.
  2. Open forsking: Det andre aspektet som ligg til grunn for gruppas arbeid, er eit mål om vera ei drivkraft i utviklinga av ei meir bevisst haldning til Open vitskap ved KHM. Det er ein tydeleg samanheng mellom Big-data tilnærmingar og Open vitskap, og datadriven arkeologi har vore ei viktig drivkraft for særleg deling/publisering av data og utvikling og deling av nye analyseverktøy. KHM og norsk arkeologi er langt framme på dette feltet med strukturerte og opne databasar, og digital tilgjengeleggjering av f.eks. utgravingsrapportar. Dette er primært knytt til museets forvaltingsoppgåver, og denne forskargruppa vil jobbe for at Open vitskap-prinsippa skal utviklast i endå større grad innanfor forskinga vi utfører på desse data og generelt ved KHM.

Gruppa har som målsetjing å utvikle forståing av kulturhistoriske spørsmål og problemstillingar. Spørsmåla vi stiller er tett knytt til arkeologi, men metodane og strategiane vi skal jobbe etter, er sterkt og tydeleg integrert i arbeidet på Seksjon for samlingsforvaltning og Gruppe for digital dokumentasjon gjennom fokus på databasar, bruk og modellering av romlege data, arkivering og deling/tilgjengeleggjering av data (for eksempel ADED).

Publisert 13. mars 2020 08:18 - Sist endra 28. apr. 2020 07:40