Samlingane
Kulturhistorisk museum har landets største arkeologiske og etnografiske samlingar, med oldsaker frå førhistorisk tid til reformasjonen, og med etnografiske og numismatiske gjenstandar frå alle delar av verda og fram til i dag. Våre arkeologiske funn og innsamla antropologisk materiale dannar grunnlag for stadig ny forskning. Her kan du utforske eit utval av museets samlingar.
Etnografisk samling – verdens kulturer
Sjå fleire gjenstandar i Unimusportalen
Det er over tre millionar gjenstandar i Kulturhistorisk museums digitale samlingar.
Museets samlingar har vorte bygd opp frå byrjinga av 1800-talet og fram til i dag. Namn, gjenstandsbeteikningar og skildringar er ein del av museet sin historie og arkiv, og må lesast i lys av tida dei vart skrivne.
Gjenstandsbloggen
Kulturhistorisk museum har mange spennande gjenstandar i samlingane, og alle har si historie.
Om samlingane
- Kontinuerleg utvikling av metodar medverkar til at det heile tida er mogeleg å auke våre kunnskapar om gjenstandane, samlingane dei høyrer til og stadene dei kjem frå.
- Kulturhistorisk museums største samlingar er Oldsaksamlinga, Etnografisk samling og Myntkabinettet.
- Oldsaksamlinga inkluderer arkeologisk materiale frå steinalderen til reformasjonen, inkludert Vikingskipssamlinga og samlinga av mellomalderens kyrkjekunst.
- Etnografisk samling har gjenstandar frå alle verdsdelar, frå ulike historiske periodar og fram til i dag. Les meir om etnografisk samling.
- Myntkabinettet forvaltar landets største numismatiske samling, med myntar frå antikken og til dei siste som til kvar tid blir prega i Noreg.
- Kulturhistorisk museums mindre samlingar er Antikksamlinga, Egypt-samlinga og Runearkivet, som alle inkluderer unike gjenstandar.
- Samlingane er basis for verksemda ved museet. Både forsking, forvalting og formidling i museet byggjer på museets samlingar.
- Ikkje alle gjenstandane er stilt ut. Fleire av gjenstandane blir oppbevart i magasin, dei er til konservering, eller blir brukt i forsking. Nokre kan vera lånt ut til andre museum og forskingsinstitusjonar.
- Kulturhistorisk museum skal forvalte gjenstandar og samlingar på ein ansvarsfull måte. Samlingane er viktige kjelder til kunnskap, og inneheld viktig kulturarvsmateriale for folk i dag og for komande generasjonar. Museet ønskjer spørsmål om tilgang og eigarskap til samlingar og gjenstandar (repatriering) velkomen, og kan også sjølv ta initiativ til dialog og samarbeid der det er aktuelt. Les meir om eigendomsrett til museumsgjenstandar.
- Museet arbeider med å skildre og katalogisere alle gjenstandane slik at dei kan lastast inn i databasar og vera tilgjengelege for alle brukarar.
- Samlingane som Museum for universitets- og vitskapshistorie jobbar med er viktige for å forstå universitetet og vitskapens historie. Informasjon om gjenstandar og folka som brukte dei er ein stor kunnskapsressurs. Les meir om samlingane hos Museum for universitets- og vitskapshistorie.