English version of this page

Samlingane

Kulturhistorisk museum har landets største arkeologiske og etnografiske samlingar, med oldsaker frå førhistorisk tid til reformasjonen, og med etnografiske og numismatiske gjenstandar frå alle delar av verda og fram til i dag. Våre arkeologiske funn og innsamla antropologisk materiale dannar grunnlag for stadig ny forskning.

Drakt laget av dyreskinn.
Amundsens Gjøahavn-samling 1903-1905

Utforsk portalen med tradisjonelle gjenstandar frå Inuit-samlinga til Roald Amundsen.

Et smykke som kan ha vært et armbånd eller ankelbånd.
Santalsamlinga

Utforsk portalen med gjenstandar frå santalfolket i India.

Historia om Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er Noregs eldste universitet og har hatt stor betydning for utviklinga av landets undervisning, forsking, formidling og innovasjon. Museum for universitets- og vitskapshistorie har gjenstands- og fotosamlingar om universitetets forsking og historie.

Gjenstandskalender

Kulturhistorisk museum har mange spennande gjenstandar i samlingane, og alle har si historie. Gjenstandskalenderen er vidareført på Gjenstandsbloggen (Forskning.no).

Museets databasar

Sjå mange fleire gjenstandar i Kulturhistorisk museums digitale samlingar.

Om samlingane

  • Kontinuerleg utvikling av metodar medverkar til at det heile tida er mogeleg å auke våre kunnskapar om gjenstandane, samlingane dei høyrer til og stadene dei kjem frå.
  • Kulturhistorisk museums største samlingar er Oldsaksamlinga, Etnografisk samling og Myntkabinettet.
  • Oldsaksamlinga inkluderer arkeologisk materiale frå steinalderen til reformasjonen, inkludert Vikingskipssamlinga og samlinga av mellomalderens kyrkjekunst.
  • Etnografisk samling har gjenstandar frå alle verdsdelar, frå ulike historiske periodar og fram til i dag.
  • Myntkabinettet forvaltar landets største numismatiske samling, med myntar frå antikken og til dei siste som til kvar tid blir prega i Noreg.
  • Kulturhistorisk museums mindre samlingar er Antikksamlinga, Egypt-samlinga og Runearkivet, som alle inkluderer unike gjenstandar.
  • Dei er basis for verksemda ved museet. Både forsking, forvalting og formidling i museet byggjer på museets samlingar
  • Samlingane er alle gjenstandane som er i museets eige, dokumentasjon knytt til gjenstandane og anna arkivmateriale.
  • Ikkje alle gjenstandane er stilt ut. Fleire av gjenstandane blir oppbevart i magasin, dei er til konservering, eller blir brukt i forsking.
  • Nokre kan vera lånt ut til andre museum og forskingsinstitusjonar. 
  • Museet arbeider med å skildre og katalogisere alle gjenstandane slik at dei kan lastast inn i databasar og vera tilgjengelege for alle brukarar.
  • Samlingane som Museum for universitets- og vitskapshistorie jobbar med er viktige for å forstå universitetet og vitskapens historie. Informasjon om gjenstandar og folka som brukte dei er ein stor kunnskapsressurs. Les meir om samlingane hos Museum for universitets- og vitskapshistorie